Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Lansering av næringsanalysen "Grønt industriløft Møre og Romsdal"

Seminar Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge inviterer alle som er interessert i regionalt næringsliv og grøn omstilling til lansering av rapport om moglegheiter for Grønt industriløft Møre og Romsdal.

Organizer: Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge
Date:
Place: Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), Ålesund

Sidan januar 2024 har eit team frå Innovasjon Noreg, fylkeskommunen og EY snakka med over 100 aktørar i og rundt næringslivet i fylket om utfordringane for grøn omstilling. Vi har identifisert i overkant av 100 grøne og sirkulære innovasjonsprosjekt som er viktige å realisere innan 2030. Vi har fått god innsikt i dei største hindringane bedriftene møter, og har fleire tankar om kva vi kan gjere for å kome vidare raskare. Funn og tilrådingar vert lanserte i 7. etasje på NMK i Ålesund den 18. juni 2024 kl. 12:30-15:00. Vi inviterer alle som er interesserte i regionalt næringsliv og grøn omstilling til å delta. 

Velkomen!

Ordstyrar for dagen er Marit Klokk Leite, avdelingsleiar Innovasjon Norge Møre og Romsdal. 

Program

Ordstyrar: Marit Klokk Leite, avdelingsleiar Innovasjon Norge Møre og Romsdal

  • 12:30 - Velkommen v/fylkesordførar i Møre og Romsdal
  • 12:35 - Bakgrunn for prosjektet v/Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune
  • 12:45 - Lansering av rapport v/EY 
  • 13:30 - Pause
  • 13:45 - Eksempel på grønne innovasjonsprosjekt frå næringslivet 
  • 14:15 - Diskusjon rundt borda
  • 14:45 - Vegen vidare v/Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune
  • 15.00 - Slutt

Påmelding her